Kompasspunkt er punkt på eit kompass, særleg på kompassroser, som merkar skiljet mellom dei fire himmelretningane: nord, sør, aust og vest. Kompasset kan vere delt i 4 himmelpunkt, eller i 8 punkt for å få med interkardinalretningane mot nordaust, søraust, sørvest og nordvest. Meteorologar plar å dele kompasset i enno fleire punkt for å danne eit vindkompass med 16 punkt.[1] I den europeiske tradisjonen finn ein òg skipskompasset med 32 punkt.[2] I det gamle Kina hadde dei 24 kompasspunkt.
Sjømenn plar ofte å namngje dei 32 punkta på kompasset med klokka som ein hugseleik. På engelsk blir denne aktiviteten kalla boxing the compass («slåst med kompasset»).[3][4] Namna på mellompunkta er samansett av initialane på dei fire himmelretningane og interkardinalretningane. Dei kan vere nyttige når ein skal vise til ein retning, kurs eller asimut, utan å måtte hente eller rekne seg fram til grader. I dei fleste bruksområder har dei små punkta blitt erstatta med grader målt med klokka frå nord.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search